Papirboka og drivhuseffekten

17-19 Papirboka og drivhuseffekten.jpgBiblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege og "menneskelege" kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den digitale revolusjonen.

 

Av universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja, UiO

17-19 Papirboka og drivhuseffekten.jpgBiblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege og "menneskelege" kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den digitale revolusjonen.

 

Av universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja, UiO

 

For kvar kilo med trykt papir som vert produsert, hamnar det mellom tre og fem kilo karbondioksid ut i jorda si atmosfære. Likevel visar det seg at bruk av enkelte typer papirmedier, som den gode gamle boka, er langt meir miljøvenleg enn lesing på både bærbare og stasjonære datamaskiner. Det er mykje som tydar på at det eldgamle biblioteket er sansynlegvis like miljøvenleg som dei minste energi- og maskinvarekrevande lesebretta som finst på marknaden i dag.

     Dei siste åra har det vore gjordt mange undersøkjingar om kva som er mest miljøvenleg av trykte papirmedier og lesing på datamaskiner. Dei fleste av desse undersøkjingane eg har sett på konkluderar med at det ikkje finst eit svart-kvitt svar på kva som er mest miljøvenleg av trykte eller elektroniske medier. Det kjem heilt an på ein heil rekkje faktorar som til dømes kor mange gonger ei bok vert lest, levetida til datamaskina før den hamnar på søppeldynga, kor mykje energi som krevast for å lagre elektronisk informasjon i høve til papirbasert informasjon, lesetid, fleirbruk av elektroniske apparater og liknande (jfr. S. 96 i "Screening environmental life cycle assessment of printed, web based and tablet e-paper newspaper" 1)

 

Farleg teknologioptimisme

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) vert sett på som eit av dei viktigaste verkemidla det globale samfunnet har for å bremse den globale oppvarminga av atmosfæra. "The Climate Group" har estimert at IKT bransjen aleine kan hjelpe til å fjerne 15 prosent av dei totale drivhusgassane i 2020 samanlikna med ein situasjon der "ting går som vanleg". Men sjansa for at IKT-sektoren kjem til å på eiga hand utlikne desse 15 prosentane med sine eigne utslepp er overhengande. Til dømes så har dei estimert at antal PC'ar kjem til å auke frå 592 millionar i 2002 til meir enn fire milliardar i 2020, og desse PC'ane vil stå for 22 prosent av IKT sektoren sin totale utslepp av karbondioksid. 2)

     Teknologioptimisme har mange gonger vore ei dårleg rettesnor å styre etter i miljøsamanhengar. Me kjenner alle til at om til dømes bilane brukar mindre og mindre drivstoff så vert miljøgevinsten ete opp ved at så mange fleire i verda kjøpar seg bil. Det er sansynlegvis urealistisk å tru at kinesarar og indarar vil avstå frå å skaffe seg slike materielle goder i framtida for å spare miljøet, så viss me ynskjer å gjere noko for å bremse drivhuseffekten, så bør det gjerast der det er von om å skape endring og der endringane har stor effekt - det vil seie i vår eigen kvardag.

     Biblioteksektoren er ifylgje Bill St. Arnaud ein ypperleg plass og starte, men ikkje ved å leggje ned dei papirbaserte biblioteka, men derimot ved å plassere datasentra i nærleiken av stader der det er av overflod av rein elektrisk energi for å sidan transportere alle oppgåver og resultater til og frå desse datasentrene i form av elektromagnetiske felt eller som lys i fiberkablar. Datainformasjon i form av bits er veldig lett å frakte i motsetjing til elektrisk kraft. Arnaud held ein presentasjon på ei konferanse arrangert av JISC (Joint Information Systems Committee) i Storbritannia våren 2010 som heitte "The Critical Role that JISC can play in helping society reduce its carbon footprint" 3)

     I denne presentasjonen peika han på fleire tiltak som var heilt avgjerande for å sikre seg mot at utdanningssektoren og informasjonssektoren inkludert elektroniske bibliotek, ikkje endar opp som utsleppsverstingar, men heller hjelper resten av samfunnet inn på ein kurs som tek sikte på å reduserte utsleppa av karbondioksid med 80 prosent.

 

Nettskya og den mobile revolusjonen

Biblioteksektoren og utdanningssektoren har i stigande grad vorte prega av mykje bruk av datamaskiner og internett. For å finne ei bok i dei fleste biblioteker i dag så brukar ein begge delar for å finne ut kvar boka står på hylla, og det er tusenvis av studentar og tilsette som hentar ned elektroniske dokumenter som biblioteka tilbyr. Babcock School of Management har laga eit miljørekneskap for heile institusjonen, og kom fram til at forbruket av lærebøker til 160 studentar over ei toårsperiode resulterte i eit utslepp på 45 tonn CO2. 4)

     I tillegg så kom det utslepp som fylgje av bruk av bærbare og stasjonære datamaskiner. Gamle maskiner frå nokre år tilbake inneheld ofte rundt 10 kilo plastikk og giftige tungmetaller, og dei var transportkrevande både å skaffe og verte kvitt på ein trygg måte. Dessutan så brukte dei opptil 400 watt når dei var i bruk. Nye moderne bærbare brukar langt mindre, og Ipad er vel nede i 2,5 watt til samanlikning. Dei fleste ville "greidd seg" med ein Ipad, i alle fall om ein hadde eit eksternt tastatur og ein brakett til å stille opp Ipad'en på skrivepulten.

     Frå den svenske undersøkjinga frå 2007, så var det blant anna to vesentlege momenter som avgjorde kor miljøvenleg papirmedier var: Gjenbruk og tid. Skal ein sitje foran ei datamaskin i vekesvis for å lese bøker, så er det klart at det går med både straum og slitasje på maskinvare. Bøker som har mange brukarar over lang tid er veldig miljøvenleg, og berre det at folk veit at dei kan oppsøkje eit bibliotek som har nesten alt dei kan ynskje seg, forhindrar kanskje at mange byggjer opp sine eigne private biblioteker.

     Bøker treng ikkje stort meir enn eit tørt rom, medan langtidslagring av elektroniske ressursar framleis krev ein god del energi. Ei bok er innhald og medium i eitt, medan elektronisk innhald krev eit medium som til dømes ei leseplate. Dagens maskinvare får kortare og kortare levetid og det er ofte ikkje snakk om meir enn månadar før mobiltelefonar eller leseplater hamnar i søppelbøtta. Printerforbruket til ein gjennomsnittsstudent er også ganske høgt i dag samanlikna med nokre år tilbake. Det går med pall etter pall med printerpapir i dei fleste norske utdanningsinstitusjonar når semesteret er i gang.

 

Biblioteka burde få status som miljøfyrtårn

Det foregår mange konstruktive tiltak for å hindre at IKT skal verte ein sektor som står for meir utslepp av karbondioksid enn det dei forhindrar i andre delar av samfunnet. På Universitetet i Oslo så har administrasjonen bestemt seg for å gå over til å bruke Ipad til å lese dokumenta sine, og Universitetsbiblioteket i Oslo skal sammen med Utdanningsvitskapeleg fakultet verte "miljøfyrtårn". 5)

     Kanskje kvalifiserar biblioteka til å være miljøfyrtårn i utgangspunktet, men det er heilt klårt at slike dataintensive sektorar har eit voldsomt potensiale til å redusere sin sektor sitt karbonutslepp, blant anna ved å oppmuntre til bruk av lågenergikrevande lesebrett og datamaskiner.

 

God økonomi å vere miljøvenleg

Massachussets Institute of Technology har bestemt seg for å spare 15 prosent av energibruken sin, tilsvarande 4500 amerikanske husstandar. Med så vidt over ti tusen studentar totalt, så inneber dette ei innsparing på nesten ein halv amerikansk husstand sitt elektrisitetsforbruk per student per år. Slik blir det pengar av, og samstundes så er det mykje som tydar på at utviklinga av mobil databruk og nettskytenester også effektiviserar informasjonsstraumen. Sentrale nettskyer (Cloud Computing) plassert der det er overflod av miljøvenleg energi komplementerar også veldig godt ei anna viktig utvikling som kan oppsummerast som "massenes visdom" (Crowd Computing).

     Den "tjukke klienten" som er eit kallenamn på datamaskiner med eigen lagringseining heftar ved seg ein arbeidsform som ofte kan verke gammaldags i dagens samfunn. Fleire og fleire land går no inn for å sikre mobilt breidband til sine respektive land, og det er til og med foreslått å rett og slett fjerne den "tjukke klienten" frå Storbritannia, og erstatte den med "tynne klientar" som er kallenamnet på datamaskiner utan eigen lagringseinin.

     Det er mange utfordringar som må taklast for å realisere draumen om effektive nettskyer. Mange av dei største problema knytta til denne utviklinga knyter seg til kvalitetskontroll. Det vert naudsynt å vidareføre katalogisering og klassifisering over på desse nye tuftene i den digitale sfæra for å kunne skape god nok kvalitet på informasjonen. Sidan nettskyer og massenes visdom sansynlegvis er noko som alle bibliotek kjem til å måtte vere med på, så er det viktig å ha miljøvern i tankane for å hindre at det miljøvenlege trykte biblioteket utviklar seg til å verte ein miljøversting av rang.

     Biblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege og "menneskelege" kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den digitale revolusjonen. Her gjeld det med andre ord å ha ein fot i to ulike leirar som ofte synes å vere prega av vidt ulike grunnsyn på veldig mange områder. Bibliotekdirektør på Harvard, Robert Darnton har etter mitt syn levert mange solide bidrag for å balansere desse ulike aspekta ved moderne biblioteksdrift.

 

Noter

1) http://www.infra.kth.se/comcen/fms/pdf/Report_epaper_final.pdf

2) s. 19 http://www.smart2020.org/_assets/files/03_Smart2020Report_lo_res.pdf )

3) http://www.jisc.ac.uk/media/documents/events/2010/04/presentations/closingkeynote.pdf

4) http://www.stewartmarion.com/carbon-footprint/html/carbon-footprint-stuff.html#casestudy

5) http://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/prosjekter/gront-uio/aktuelt/miljofyrtarn.html

 

Andre kilder

http://www.eweekeurope.co.uk/comment/ditch-pcs-for-a-networked-nation-8612

http://www.infra.kth.se/comcen/fms/pdf/Report_epaper_final.pdf