I 1965 vart innkjøpsordning for norsk skjønnlitteratur oppretta. Ho har seinare
vorte revidert og utvida til å gjelde barne- og ungdomslitteratur, oversat
litteratur, og sakprosa. Ordninga har styrka satsinga på norsk
skjønnlitteratur, og den har gjort det mogleg for forlaga å satse meir på
breidde enn dei elles ville ha turt. Innkjøpsordninga har også sørgt for at
biblioteka er sikra eit breitt utval av den norske bokfloraen. Men spørsmålet
ein kan stelle seg, er om kvart folkebibliotek eigentleg treng eller ønskjer
seg alle desse bøkene. Kunne ein tenkje seg at biblioteka i større grad
bestemte sjølv kva dei ville kjøpe inn?
- Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent og forfatter
I 1965 vart innkjøpsordning for norsk skjønnlitteratur oppretta. Ho har seinare
vorte revidert og utvida til å gjelde barne- og ungdomslitteratur, oversat
litteratur, og sakprosa. Ordninga har styrka satsinga på norsk
skjønnlitteratur, og den har gjort det mogleg for forlaga å satse meir på
breidde enn dei elles ville ha turt. Innkjøpsordninga har også sørgt for at
biblioteka er sikra eit breitt utval av den norske bokfloraen. Men spørsmålet
ein kan stelle seg, er om kvart folkebibliotek eigentleg treng eller ønskjer
seg alle desse bøkene. Kunne ein tenkje seg at biblioteka i større grad
bestemte sjølv kva dei ville kjøpe inn?
Folkebiblioteka er pålagt "å stille bøker og egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet." i følgje lova om folkebiblioteka. Samtidig med dette skal biblioteka tilby aktuell litteratur, dei skal ikkje vere lagerstader eller depot (dette er kanskje gjenstand for debatt, eg aner at spørsmål omkring kassering er noko betent i bibliotekmiljøet). Ein kan kanskje trekke ut to sentrale grunnlinjer frå dette: Biblioteka skal vere til for brukaren ("til disposisjon for alle som bor i landet"), og tilbodet skal vere relevant og breitt. Eg meiner innkjøpsordninga bidreg til dette, men samtidig så meiner eg ho med dagens ordning også er ein hemsko for folkebiblioteka.
Ein av folkebiblioteka sine meir sentrale oppgåver, er å formidle bøkene dei har til utlån. Det er ei nærast umogleg oppgåve å yte rettferd til alle bøker dei har, både eldre og nyare. Men det er også på grensa til meiningslaust å sjå for seg at folkebiblioteka skal greie å formidle alle bøkene dei får tilsendt gjennom innkjøpsordninga. Og det er da ein illusjon dersom nokon trur det store utvalet poesi og dramatikkbøker som blir sendt ut til kvart folkebibliotek blir ståande lenge på hylla. Dei beste boksala ein kan komme over er kasseringsala til norske folkebibliotek. Eg har ei imponerande samling norsk samtidspoesi ståande heime i hylla mi, kjøpt inn til ein latterleg lav sum.
Det er nett dette som er noko av problemet med innkjøpsordninga: For mange bøker, valt ut av andre enn bibliotekarane, blir pressa på biblioteka. Det urimelege er at staten legg opp til at det er biblioteka som skal stå for hovuddelen av formidlinga av desse bøkene. Bokhandlane er fritatt, dei har frikort til å berre tenkje etterspørsel. Avisene følgjer sin eigen logikk, og melder bøkene dei meiner er viktige og intervjuar forfattarane dei sjølv har gitt status. Eit apropos her er den enorme suksessen Karl Ove Knausgård har hatt med sin bokserie "Min kamp". Dette er eit verk som til slutt vil ende på tre tusen sider, og kvart bind er på fem hundre sider. Og det er relativt tunge saker. Likevel blir bøkene kjøpt, lånt og lest i store kvanta. Det kan kanskje vitne om at sjølv vanskelegare tilgjengeleg litteratur kan nå ut til folket. Men sett bort frå dette: Når kritikarar er ferdige og bøkene er plassert med eitt eksemplar bak i bokhandlarane sine lokalar, så verker det som det er biblioteka sitt fulle ansvar å stå for formidlinga. Det verker noko urettferdig.
Så lenge folkebiblioteka skal vere til for brukarane, så må også utvalet og samlinga leggast opp til dette. Kanskje er det på tide at bibliotekarar kjem på bana og krev auka sjølvstyre ved innkjøp av bøker og andre medium? Ein kunne tenkje seg at innkjøpsordninga vart smalare, at ho rett og slett oppfordra forlaga til å knipe litt igjen på utgivinga av norsk skjønnlitteratur. Eg trur breidda ville verte like god, men kanskje kvaliteten ville bli betre? Eller ein kunne tenkje seg at biblioteka hadde større moglegheit til å velje kva for bøker frå Kulturrådet dei ønskte å ta i mot. Det slår meg som noko merkeleg at ein bibliotekar må stå og forkynne at biblioteket er til for brukaren, samtidig som han må seie nei, den boka har dessverre åtte personar framfor deg på ventelista, men du må gjerne låne noko frå den eminente diktsamlinga vår.
Ein kan også sjå for seg at dette problemet vil bli tydelegare i næraste framtid. Den aukande vendinga i bruken av medium vil kanskje tvinge fram bibliotekslokale der bokhyllene må gi noko av plassen til alt frå playstationstasjonar til konkrete møtestader som ein sofakrok. Korleis skal ein da stelle seg til den konstante årlege auka i boksamlinga som innkjøpsordninga bidreg til? Ikkje berre vil dette tvinge fram ein meir progressiv kasseringsverksemd i dei fleste bibliotek, men sannsynlegvis vil det også tvinge fram eit auka sjølvstyre på biblioteka: Bibliotekarane må aktivt velje kva for bøker som skal stå framme, og kva for bøker som ikkje kan settast fram. Kva for bøker som skal ha lang levetid, og kva for bøker som skal ha kort levetid. Og det beste vil vere om dette kan baserast på kva brukarane ønskjer.
Eit viktig argument for biblioteka har lenge vore at vi skal stå for breidda og sikre det litterære mangfaldet i Noreg. Det er vanskeleg å argumentere mot dette, men det er også vanskeleg å sjå for seg korleis eller kvifor det berre er biblioteka som skal vere ansvarleg for formidlinga av ny norsk skjønnlitteratur. Kanskje det er på tide at vi bibliotekarar slepp oss meir laus, og seier høgt at vi ønskjer meir sjølvstyre med innkjøp av bøker. Det er for eksempel ei takksam oppgåve for Litteraturhuset i Oslo å ha full styring på kva for litteratur dei vil formidle. Dei treng ikkje ha kjellaren eller kjøkkenet fullt av forfattarar og bøker som dei verken har tid eller plass til å vise fram på ein skikkeleg måte.
Innkjøpsordninga er ei god ordning. Men biblioteka må få større reell sjølvråderett. Det vil eg tru vil styrke biblioteka våre.
- Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent og forfatter
