Enno har boka, papirboka bør eg
kanskje føye til, ein dominerande posisjon i aktiviteten i dei norske
folkebiblioteka. Det er lenge før biblioteka tek steget inn i det som i dag vert
kalla opplevelsesøkonomien.
Av forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane
Enno har boka, papirboka bør eg
kanskje føye til, ein dominerande posisjon i aktiviteten i dei norske
folkebiblioteka. Det er lenge før biblioteka tek steget inn i det som i dag vert
kalla opplevelsesøkonomien. Ein økonomi, som ingen heilt kan forklare oss kva
er, men som i følgje profetiske og forkynnande forskarar, vi har mange av dei også
her til lands, skal ta over heile kulturlivet, og føre oss rakt inn i det sunne,
gode og velfriserte "konvergensamfunnet" som dei kallar det. Opplevelsesøkonomi
er ein trend alle kan vere med på, og som alle kan få noko ut av. Slik ordlegg
forkynnarforskarane seg.
Av forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane
Har så dette noko med folkebiblioteket å gjere? Folkebiblioteket har sin kulturelle og kulturpolitiske legitimitet i bøkene. Skjønnlitteratur så vel som faglitteratur. Poesi og prosa av alle slag. Bøker er eit kollektivt gode som har nytteverknader for samfunnet som er langt større enn nytten dei har for den enkelte boklesar. Bøker har tradisjonelt utgjort det viktigaste grunnlaget for eit språkleg, kulturelt og nasjonalt fellesskap. Bøkene gir oss kunnskap, lærer oss å lese, lærer oss å forstå. Bøkene er ein hovudkomponent i limet som bind samfunnet saman. Som økonomane uttrykkjer det: "Bøker har med andre ord sentrale positive kollektive virkninger".
Det er i desse verknadene, i den kollektive nytten for samfunnet, vi finn grunngivinga for at samfunnet har bestemt at det skal vere folkebibliotek i alle landets kommunar, og at biblioteka skal stille "bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet." I dei fleste land er det kommunane som har fått i oppgåve å realisere samfunnets krav og behov på dette området.
Biblioteka er, og har vore, både kulturoppdragande og kulturformidlande. Men det er liten tvil om at "multimedialiteten" dei seinare åra har ført til at den kulturoppdragande delen av bibliotekverksemda har kome meir og meir i bakgrunnen. I dag er kulturformidling hovudproduktet. Produktet skal gjerne vere unikt, det enkelte bibliotek må drive "branding", fordi biblioteket konkurrerer med forskjellige kulturtilbod frå trendy bokhandlarar og internettkafear til kulturopplevingar på muse, teater og galleri, kafear, litteraturhus osv., som alle i langt høgare grad formidlar sig sjølv på eit tidsriktig og tilgjengeleg måte. Biblioteket vert ein del av det multimediale opplevelsessamfunnet. Men i overskodeleg framtid er det papirboka som vil vere i bibliotekets sentrum. Folkebiblioteket høyrer ikkje med i "konvergenssamfunnet."
I Sverige, og i Danmark, tek ein no i bruk norsk forskingsinnsikt for kaste lys over dei store utfordringane folkebiblioteka står overfor. I Noreg, derimot, har det så langt vore lita interesse for slik innsikt. Forskingskunnskapen eg snakkar om, finn vi ved Telemarksforsking i Bø. Siste tiåret har dei her bygt opp eit solid fagmiljø innanfor det stemoderlege feltet kulturøkonomi. Forskarane har gitt seg i kast både med bokøkonomi og piratkopiering. Særleg populære har dei ikkje vorte korkje på litteraturfeltet eller i musikkrinsar.
Ikkje i norsk biblioteksektor heller. Norske kultur- og kunstmiljø vil helst ha forsking som stadfester det dei sjølve meiner. Dette er eit stort tankekors som sjeldan vert diskutert. Men det kulturøkonomiske fagmiljøet i Bø, langt ute i den austlandske periferi, har fått seg eit svært godt (og velfortent) internasjonalt fagleg rykte. I 2009 vart fagmiljøet også belønna med prisen for beste norske faglege artikkel i samfunnsøkonomi. Artikkelen handla om opphavsrett og ulovleg fildeling av musikk.
I 2007 la Bø-forskarane Knut Løyland og Vidar Ringstad fram ein kulturøkonomisk studie av etterspørselen etter bøker og andre medium i norske folkebibliotek. Studien var eigeninitiert, finansiert gjennom ei strategisk løyving frå Noregs forskingsråd. Resultata vart publiserte i eit velrenommert amerikansk vitskapleg tidsskrift. Meininga var at ein populærversjon av studien skulle publiserast i eit bibliotektidsskrift. Men slik gjekk det ikkje.
Statens kulturråd i Sverige la derimot merke til prosjektet, og engasjerte sporenstreks Løyland og Ringstad til å gjere ein økonometrisk analyse av etterspørselen etter bøker og andre medium ved svenske folkebibliotek. No ligg sluttrapporten føre, publisert i forskingsserien til Statens kulturråd. I føreordet heiter det at bibliotekforsking av denne type "kan utan överdrift kallas för pionjärarbete". Resultata er også publiserte, på norsk, i siste nummer av Nordisk kulturpolitisk tidsskrift og kjem også i eit høgrenommert amerikansk tidsskrift. Ein populærversjon er alt trykt i eit dansk bibliotektidsskrift.
Dei to pionerstudiane frå Bø har utforska effekten av moglege faktorar som kan forklare etterspørselen etter utlån frå norske og svenske folkebibliotek. Dette gjeld økonomiske og sosialdemografiske faktorar, kjenneteikn ved biblioteka, regionale skilnader og endringar over tid. Trykte bøker står i sentrum for analysane, av grunnar vi har nemnt ovanfor. Nye AV-medium er ei blanda velsigning for bokutlåna. Både i Noreg og Sverige stimulerer god tilgang på AV-medium til meir utlån av bøker, medan god tilgang på bøker fortrengjer utlån av AV-medium.
Resultata viser elles at det er barn som mest dreg opp utlåna av bøker, medan ungdommar dreg det mest ned. Det siste gjeld også AV-medium. Generell tap av interesse for biblioteka etter kvart som barn veks opp, er ei hovudutfordring for bibliotekpolitikken. I Sverige fann forskarane at auka andel kvinner i kommunane hadde negativ effekt på utlån av barnebøker, men klar positiv effekt for utlån av AV-medium. I Noreg er situasjonen den motsette. Kva ligg bak så store ulikskapar i bibliotekåtferd?
Ein sentral bakgrunnsfaktor i analysane til Løyland og Ringstad er det dei kalla skyggeprisen på tid, dvs. verdien av tid nytta til andre formål. Reisetid har f.eks. klart negativ effekt for utlån både av bøker og AV-medium. Men skyggeprisen varierer betydeleg mellom ulike typar bibliotekbrukarar. Generelt er biblioteket, som andre tidsintensive gode, sårbart overfor aukande skyggepris. I Sverige (i motsetning til i Noreg ?) er også utlån både av bøker og AV-medium såkalla "mindreverdige gode", dvs. at etterspørselen går opp når inntekta går ned. Dette betyr også at dei fattige går systematisk meir på biblioteket enn dei rike, noko som har klare kulturpolitiske implikasjonar.
Eg reknar det som sjølvsagt at resultata frå dei to studiane eg har nemnt og også forskarane bak, vil verte presenterte i eit seinare nummer av Bok og Bibliotek. Folkebibliotekets kulturoppdragande rolle er ikkje over. Papirboka er ikkje død. Og som eit vitnemål om dette kjem akkurat no meldinga i mitt heimfylke om at fleire vidaregåande skular kastar ut datamaskina, og hentar inn att læreboka.
