- Av Vidar Lund, biblioteksjef i Time kommune, nestleiar i Norsk bibliotekforening
Det vart eit av diskusjonstema på bibliotekseminaret under Kapittel 08
i Stavanger i år.
Kulturpolitikaren Olemic Thommessen frå Høgre lanserte idéen som noko som kan vera med på å redde/gjenopprette bokhandelaktivitet i såkalla grisgrende strok. I tillegg lanserte biblioteksjefen i Stavanger at ho godt kunne tenkje seg å starte ein bokhandel i samband med biblioteket etter mønster frå København.
Eg må seie at Thommessen si uro når det gjeld distriktsbokhandlarane ikkje blir spesielt truverdig etter at Bondevik II fjerna skulebokmonopolet, og dermed livsgrunnlaget for mange distriktsbokhandlarar. Ei av dei viktigaste kulturpolitiske avgjerdene vart ikkje tekne av Kulturdepartementet men av det såkalla Moderniseringsdepartementet.
Spørsmålet om boksal i biblioteka går rett inn i diskusjonen om kva eit bibliotek skal vera og kva ein bokhandel skal vera. Sjå for dykk fylgjande scenario - som ikkje kjem til å vera utenkjeleg dersom ideen til Thommessen blir gjennomført: Ali Nordmann kjem inn på biblioteket i Øvre Grukkedal (4000 ibuarar), og ønskjer å lesa siste Jo Nesbø-boka. Kåre Bibliotekar svarar: "diverre - på grunn av dårleg mediebudsjett må vi vente til boka kjem frå kulturfondet, det kan ta 6 månader, og vi har allereie 20 på venteliste. Men sjå her, her kan du få kjøpe boka i staden - så får du boka med ein gong, og vi får litt ekstra pengar til bokbudsjettet."
Poenget mitt er: Det er særs bra om det er ein bokhandel i same huset som biblioteket, slik det t.d. er i Drammen. Det støttar det gamle dogmet som eg framleis trur på, at bokhandel og bibliotek kan utfylle kvarandre. Problemet oppstår dersom biblioteket (som Stavanger ønskjer) startar eigen bokhandel. Då vil både tilsette og lånarar oppleva eit større press på faktisk å kjøpe boka enn å låne henne - og politikarane kan kutte bokbudsjetta.
For all del: biblioteksjefen i Stavanger sa ikkje at boksal skal skje i bibliotekskranken, men at dei ønskjer ein eigen bokhandel med større breidd og kulturpolitisk ansvar. Likevel: det vil oppstå ein eigen dynamikk når eit bibliotek og bokhandel har same leiing, går under same budsjett og dei tilsette blir kollegaer. For all del: leig gjerne ut rimeleg areal til ein bokhandlar som i byte tek på seg kulturpolitisk ansvar (t.d. ha fem siste år i hyllene eller på lager i staden for to), men ikkje bland det med bibliotekdrifta.
Dette går inn i eit større ordskifte: Kva skal biblioteket vera? Ein formidlingsarena på vegner av forleggjarar og forfattarar, der det er litt hipp som happ om det er gratis eller kostar noko? Eller skal biblioteka vera sjølvstendige, demokratiske aktørar i eit samfunn som desperat treng fleire, ikkje færre, arenaer som er opne, tilgjengelege og gratis utan kjøpepress? Svaret er ganske enkelt: Samfunnet treng biblioteket som bibliotek i full breidd, ikkje som ein bokformidlar der det er litt tilfeldig om du får tenester gratis eller må betale.
- Av Vidar Lund, biblioteksjef i Time kommune, nestleiar i Norsk bibliotekforening
