Ein vanleg dag på jobben

lips.jpgHan vakna tidleg om morgonen, fekk ikkje sove, og vart liggande i senga og sjå korleis lyset kom inn frå bak rullegardina. Da klokka på mobiltelefonen ringte, stod han opp og gjekk naken ut av rommet, vart ståande framfor spegelen inne på badet nokre minutt før han kledde på seg...

 

Av Lars Petter Sveen, forfatter og bibliotekarstudent (ferdig våren 2010)

lips.jpgHan vakna tidleg om morgonen, fekk ikkje sove, og vart liggande i senga og sjå korleis lyset kom inn frå bak rullegardina. Da klokka på mobiltelefonen ringte, stod han opp og gjekk naken ut av rommet, vart ståande framfor spegelen inne på badet nokre minutt før han kledde på seg.

 

Av Lars Petter Sveen, forfatter og bibliotekarstudent (ferdig våren 2010)

 

Han sykla ned gjennom byen, passerte trikken som stod på ein stoppestad og såg ei jente stire på han frå bak vindauget i eine vogna. Augo og håret hennar følgde han heile vegen til læringssenteret. Det var måndag, regnet ramla ned over menneska og bygningane, over trea og graset i parkane og kyrkjegardane. I garderoben tok han av seg dei våte kleda, og var naken for andre gong denne morgonen. Han vart ståande framfor spegelen og vart med eitt var sin eigen ereksjon. Han kledde på seg det tørre skiftet han hadde liggande. Det var fem minutt til han skulle starte på tidlegskiftet. Han skrudde på kranane på vasken, skylte seg i ansiktet. Tok ein plastkopp, drakk kaldt vatn. Framleis var ereksjonen der, og han sjekka klokka att.

     På veg til skranken lét han som det var komme vatn på buksa, og lente seg svakt framover medan han gnidde fingrane mot låret. Sjefen spurte kva det var, og han sa han hadde sølt vatn. Har du ei ekstra bukse, spurte ho. Dette er den ekstra buksa, sa han, og lente seg mot skranken. Sjefen såg på han, sa slikt skjer. Ja, sa han og vart ståande. Så da, sa ho og la armane i kors, vi får vel opne. Ja, sa han. Ho stirde mot glasdørene og nokre studentar som stod der ute og venta på at det skulle opnast. Vil du starte bak skranken i dag, sa ho. Ja, det kan eg godt, sa han.

     Han vart ståande ved skranken, ereksjonen bankande. Nokre studentar kom og leverte bøker, nokre andre spurte om hjelp. Han forklarte kvar dei skulle gå, at dei kunne søkje på maskinene som stod der borte ved kopimaskina, at det vart gebyr først ved tredje purring. Han tenkte på Deweysystemet, på UDK, han tenkte på alle lærarane han hadde hatt opp gjennom utdanninga, men framleis: Ereksjon. Regnvåte studentar penetrerte foajeen, sprengte seg fram til skranken. Leppene deira, augo deira, håret deira, fingrane deira, eit glimt av vinterkvit skulder under ei skjorte i april, sjølv øyrene som stakk fram frå det våte håret. Det var håplaust, han var makteslaus. Blodet banka.

     Klokka kvart over ni stod ei jente framfor han. Ho sa ho såg etter ei bok, men at ho ikkje fann ho. Kva for bok er det, spurte han. Fingrane hennar kvilte mot skranken, kvite med frekner, mørke stjerner i lyst rom, og ho sa boka heitte Samfunnsendring og samleie - korleis politikk og erotikk heng saman i Philip Roths forfattarskap. Han fann boka på Bibsys, det stod ikkje UTLÅNT, og han spurte om ho hadde sett etter på hylla. Ja, sa ho, og strauk håret bak øyrene, men eg greier ikkje finne ho. Nei, sa han. Er ho lånt ut, spurte ho, og vart ståande med munnen open. Nei, sa han, boka skal stå der, eg skjønner ikkje. Kan du bli med, sa ho. Bli med, sa han. Ja, sa ho. Han pressa seg mot skranken, kjende etter. Ereksjonen var blitt kraftigare, det var som om han vaks, han vart større og større. Om dette held fram, kviskra han. Unnskyld, sa ho og såg på han. Nei, ingenting, sa han, tok tak i nokre bøker som låg ved sida av og heldt dei framfor underlivet sitt. Eg kan sette desse på plass i same slengen, sa han.

     Dei fann ikkje boka. Ho sa ho kunne halde bøkene han bar dersom det vart lettare for han. Nei, det går fint, sa han, sat på kne no, strauk fingrane over bokryggar, sa men eg skjønner ikkje dette. Finn du ho ikkje, sa jenta. Han såg opp på ho, den raude genseren hennar, den fillete dongeribuksa, støvlettene dratt utanpå. Nei, sa han, ho er ikkje her. Eg MÅ ha den boka, sa jenta, ho slo hendene i sida på seg sjølv, sa eg MÅ ha den boka. Han reiste seg, bøkene liggande igjen på golvet, sa det går nok bra, eg skal markere boka som utlånt og reservere ho for deg, sa han. Ho såg på han. Du, sa ho. Ja, sa han. Ho peikte mot underlivet hans. I det same kom sjefen gåande mot dei, ho veiva med armane framfor ei samling menneske kledd i dress og skjørt. Han tok tak i jenta, trakk ho til seg, sa stå inntil meg. Kva, sa jenta, kva faen. Ver så snill, sa han, eg skal finne den boka til deg, eg lover, eg skal finne ho no med ein gong, berre stå her. Sjefen var hos dei no, ho stod rett framfor dei. Og her har vi ein av dei unge studentane, sa ho, som er tilsett her. Han nikka til følgjet, sa god dag, heldt jenta inntil seg. Sjefen sa ja, dette er ei utsending frå den nye seksjonen på Nasjonalbiblioteket, såg på han, heva augebryna, og sa naaasjonalbiblioteket, og nikka sakte med hovudet. Han sa ja, det er bra, eg hjelp ho med å finne ei bok. Nokre i følgjet humra, nokre rista på hovudet. Sjefen sa ja, kva for ei bok er det. Han såg på jenta no, ho stirde rett på han, augo hennar så nære, hofta hennar mot underlivet hans. Det er litt flaut, sa jenta, eg vil helst sleppe å seie det. Følgjet såg ned på linoleumsgolvet no, dei strauk seg over hendene, over nakken. Sjefen sa ja, jo, sjølvsagt, vendte seg mot følgjet sitt, sa nei, vi må vidare, og dei gjekk vidare.

     Han stod att der med jenta, og såg etter dei.

     Din kødd, sa ho, din jævla kødd. Eg beklagar, sa han, sleppte taket i ho. Men ho vart ståande inntil han. Ho tok handa hans, drog han med seg bort til eit hjørnet, inn bak ei av hyllene. Kva, sa han, men ho sa, hysj, og lente seg inntil han. Eg elskar bibliotekarar, sa ho, og pressa seg mot han. Kva, sa han, men ho kyssa han og la handa si på han.

     Klokka elleve var det lunsjpause, og han reiste seg frå stolen bak skranken. Ei av dei andre tilsette tok over referansevakta hans, og han smilte, tok matpakka frå sekken, gjekk ut glasdørene, ut i foajeen, opna dørene der, og kom ut til regnet som berre ramla og ramla ned, det var ingen ende på det. Han vendte ansiktet opp og kjente seg potent som aldri før.