
Av forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og fjordane
(Foto: Scanpix)

Kanskje kan
folkebiblioteka verte ein hjørnestein i Anniken Huitfeldts sosiale kulturpolitikk?
Av forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og fjordane
(Foto: Scanpix)
"Det området der norsk kulturpolitikk har lykkast aller dårlegast, er biblioteka." Sitatet er 20 år gammalt. Det var den konstruktive og kulturkritiske arkitekten bak dei kulturpolitiske reformene på 1970-talet, Johs. Aanderaa, som uttrykte seg slik i eit av dei siste foredraga sine før han vart brått sjuk og døydde i 1991. "Det er flautt," heldt han fram, "å studere ein nordisk statistikk som viser at dei norske folkebiblioteka i 1987 hadde eit utlån på 18 millionar band, medan tilsvarande bibliotek i Danmark, Finland og Sverige hadde eit utlån på 74 til 93 millionar band."
Noreg er framleis på den nordiske bibliotekbotnen. I 2008 lånte norske folkebibliotek ut 17 mill. bøker. Tilsvarande tal for Sverige og Danmark var 58 og 52 millionar. Når det gjeld andre medium, var tala 7 mill. i Noreg, 12 og 28 mill. i Sverige og Danmark. Skilnadene er mindre no enn dei var i 1990. Nokon annan veg kunne det knapt gå. Men framleis er utlånstala per innbyggjar, særleg før bøker, betydeleg lågare hos oss enn hos dei skandinaviske naboane våre. Danskane, med si liberalkonservative regjering, er klart i toppen.
Aanderaa gav i 1990 norske kommunar skulda for den sørgjelege tilstanden. Han hadde òg observert at mens svenske lokalpolitikarar var sterkt opptekne av biblioteka i det lokale kulturarbeidet, var det sjeldan han høyrde norske politikarar snakke om folkebiblioteket.
Folkebiblioteka har vore eit stebarn i den moderne norske lokale kulturpolitikken. Biblioteka har på ein måte "alltid" vore der. Alt på 1970-talet var biblioteka ein del av det gamle i den nye kulturpolitikken. I dagens moderne og "begivenhetsbaserte" kulturliv, som det gjerne vert kalla, har heller ikkje folkebiblioteket nokon plass.
Sist haust vart rapporten frå det store forskingsprosjektet "Lokalt kulturliv i endring" publisert. Oppdragsgivaren, Norsk kulturråd, meinte at det hadde skjedd så store endringar i det lokale kulturlivet at det var behov for ei ny kartlegging. Forskarane definerte endring som "trekk ved kulturlivet som blir oppfatta som nye eller sterkt veksande i den lokale konteksten vi undersøkjer". I prosjektet deler forskarane kulturlivet inn i " det nye" og "det gamle i det nye". Folkebiblioteket høyrer definitivt ikkje med i "det nye" kulturlivet. Men det får heller ikkje, ser det ut til, plass i "det gamle i det nye" kulturlivet. Bibliotekets urokkelege plass er i det gamle kulturlivet, utan særleg tilknyting til "det nye".
I sluttrapporten frå prosjektet er biblioteket knapt nemnt i det heile. På mange måtar kjennest det "naturleg"; også for meg som har følgd prosjektet nærmast frå start til mål. Men det er ikkje før no det har slått meg at biblioteket, som for ikkje lenge sidan utgjorde nesten ein fjerdedel av det kommunale kulturbudsjettet, har vorte heilt borte i det store forskingsprosjektet.
I det raudgrøne Noreg på 2000-talet er folkebiblioteka den store taparen i kommunal kultursektor. I alle fall om vi måler dette med kommunaløkonomiske auge. "Frå 2003 til 2009 har dei samla kulturutgiftene i Noreg (målt som netto driftsutgifter per innbyggjar) vakse betydeleg, med heile 27 pst. i faste prisar. I same periode har utgiftene til bibliotekformål vorte reduserte med 3 pst". I 2003 utgjorde bibliotekutgiftene 20 pst. av samla kommunale netto driftsutgifter til kultur. I 2009 er denne delen redusert til 15 pst.
Noka katastrofe er dette likevel ikkje. Det kan godt hende at biblioteksektoren har hatt det for godt, og at vi har hatt mange tungdrivne og lite effektive bibliotek rundt om i landet. Det veit eg ikkje. Men det vi kan lese ut av statistikken, er at vi i 2008 hadde 799 folkebibliotekavdelingar i Noreg. I år 2000 var talet 1005. Det har vorte redusert kvart einaste år siste 20 åra. Medieløyvinga til folkebiblioteka per innbyggjar (i faste prisar) har gått samanhengande ned sidan 1995, med eit lite unntak for 2006 og 2007. Botnåret så langt er 2008.
Talet på tilsette i norske folkebibliotek held seg derimot nokolunde stabilt. I 2008 vart det utført 1.831 årsverk; 959 (52 pst.) av desse av fagutdanna bibliotekarar. 289 (67 pst.) kommunar hadde biblioteksjef med full utdanning. Endringane siste åra har vore beskjedne. Talet på årsverk i 2002 var 1.882, eller 50 fleire enn i 2008. Bibliotekarane har, for det eg veit, ei god fagforeining.
Eitt kan i alle fall seiast om norske bibliotekarar: Ingen kan lage så mykje statistikk og talkolonnar som dei. Om nokon treng eller gjer seg bruk statistikken, er ei anna sak. Kanskje kunne litt av statistikkressursane gjort betre nytte andre stader i denne litt gløymde og gøymde sektoren?
Når eg les artikkelen til professor Ragnar Audunson i Bok og Bibliotek nr 2/10 om "Hva forskes det på?" i bibliotek- og informasjonsvitskap, slår det meg at her har det nye teljekantsystemet med sine tusenvis av meir eller mindre vitskaplege tidsskrift festa sitt stramme grep over bibliotekforskinga. Forsking om bibliotekets sosiale kapital, bruk av GIS for å fortelje oss kor mange som mistar bibliotektilbodet når ein filial vert lagt ned og dyktiggjering av bibliotekarar i organisering av chattetenester, kan det sikkert verte gode referee-artiklar av. Særleg nyttig kunnskap kjem det likevel ikkje ut av slikt.
For det er ikkje her vi finn utfordringane for norske folkebibliotek. Dei finn vi ute i kommune-Noreg. Kommunepolitikarane avgjer bibliotekets framtid. Dei fleste pilene peikar nedover. Det kan gjere seg med meir forskingsbasert kunnskap om og innsikt i kva som skjer og vil skje her. Om bibliotek og lokalsamfunn. Om bibliotek og kommunestorleik. For det er langt frå sikkert, slik Knut Olav Åmås har hevda, at det er frå næringslivet at biblioteka har mest å lære.
Ulikt dagens toppbyråkratar i den statlege kulturforvaltninga hadde Johs Aanderaa god kontakt med kulturpolitikarar og kultursekretærar rundt om i landet. Var det kanskje ikkje han som gjennom statlege løyvingar bygde opp det kommunale kulturapparatet? Men Aanderaa makta ikkje å tenne nokon bibliotekeld hos dei lokale kulturpolitikarane.
Kulturminister Trond Giske brydde seg ikkje særleg om dei lite iaugefallande folkebiblioteka. Kommunenes Sentralforbund gjer det heller ikkje. Men kanskje kan folkebiblioteka verte ein hjørnestein i Anniken Huitfeldts sosiale kulturpolitikk? Ho har i det minste sagt at ho vil bruke kulturpolitikk til å redusere sosiale ulikskapar i samfunnet. Så kvifor nølar de slik, folkebibliotekarar?
